Kan eg hjelpe deg med noko?
Arne er om lag 46 år, tidlegare elektrikar, men overlever nå av å vera underhaldar. Stundom humoristar han åleine, andre gonger med andre. Arne Nordbø får mykje latter og applaus som toastmaster i bryllaup, åremålsdagar og selskap. Ja han er blant Rogalands mest erfarne toastmastarar. Dessutan er han ein gnistrande god konferansier og møteleiar.

Mange har også blitt kjent med Arne gjennom Ryfylke Livsgnist sitt "Vandring i bedehusland" og "Drivhus og bedehus": Saman med Tor Øyvind Skeiseid spelar han typar frå bedehusmiljøet, fortel historier og viser rundt på Finnøy. I tillegg spelar Arne ein av Han Innante sine kammerattar når Han Innante har revy, og det er ofte. Gunvald Tuftene alias Arne Nordbø er den mest pessimistiske personen i vår Ryfylkegalakse, og ser svart på eit mørkt liv. Det blir det god humor av.

Arne er også engasjert med www.restauration.no som er under bygging på Finnøy.

Han er også ein El-bil entusiast. sjå stavanger aftenblad: http://aftenbladet.no/blogg/joneblogg/article1027186.ece